Soria Moria II er eit einaste stort gjesp. Det er likevel nok å hisse seg opp over:
-Norske bistandspengar støttar koranskular i Pakistan som rekrutterer terroristar, kunne NRK fortelje i dag tidleg. Det er vanskeleg å skilje mellom kva skular som er ekstreme og ikkje, hevdar dei som har greie på det. Eg for min del forstår ikkje kvifor me absolutt skal støtte islamske skular i Pakistan. Kristne friskular i Noreg derimot, vil regjeringa ikkje støtte (jmf. St. Sunniva i Oslo). Ko-ko!
-Knut Arild Hareide vart ny leiar i Transportkomiteén på Stortinget. Det er omlag som å bruke Jan Thomas til kommandosoldat i Afghanistan. Hareide var på Politisk Kvarter på NRK P2 her ein morgon. Han fekk spørsmål om han var for eller mot rushtidsavgift. -Det må vi sjå på, svarte han, og la til at han trudde bilistane var villige til å betale ekstra dersom dette ville redusera køane, føre til betre kollektivtilbod osb. NEI! Me er ikkje villig til å betale endå meir! Nok ein god grunn til at KrF bør forsvinne under sperregrensa i 2013.
-Redaktøren for den fleirkulturelle avisa “Utrop” meiner Jens Stoltenberg er nyrasistisk fordi regjeringa ikkje sett i verk konkrete tiltak (les: økonomisk stønad) for at innvandrarar i Noreg skal kunne bevare sitt språk og sin kultur. Det du derimot faktisk kan få, er økonomisk støtte frå den norske staten til å re-integrere deg i heimlandet ditt dersom du fekk avslag på asylsøknaden. Det må me jo kunne kalle eit svært konkret tiltak for at innvandrarar skal kunne bevare nettopp sitt språk og sin kultur. Eirik Løkke, skribent i Minerva, skriv svært godt om dette tullete kravet her.
Aksel Fridstrøm er gjesteskribent i neste runde. Følg med!
Finansminister Kristin Halvorsen er objektivt sett en flott kvinne. Hun er sikkert en veldig god mor, ektefelle og kollega. Men hun er en elendig politiker. Først og fremst fordi hun og SV er ansvarlig for tidenes løftebrudd (regjeringens “fattigdomssatsing”), samtidig som hun er usedvanlig frekk mot sine politiske motstandere. Under valgkampen i 2005 rettet Halvorsen en harmdirrende pekefinger mot daværende borgerlige regjering; og hevdet at høyresiden med viten og vilje 

